Smoothie bowl – ein perfekt start på dagen!

Er du ein av dei som synest det er vanskeleg å finna noko å eta til frukost? Då har eg eit perfekt tips til deg. Start dagen med å laga ein frisk smoothie bowl. Det trengst få ingrediensar og smaken er rett og slett vedunderleg. Du får i deg både feitt og fiber, og protein av naturell yoghurt som eg brukar i denne oppskrifta. Det er utruleg mange ulike smoothier du kan laga, men det mest vanlege er å laga den med bær eller frukt. Vil du ha ein litt sunnare variant kan du bruka ulike grønnsaker. No skal eg visa korleis ein kan laga ein søt, frisk og smakfull smoothie som er ein av favorittane mine!

Ingredienser:

  • 1 banan
  • 2.5 dl frosne bær (jordbær, blåbær, skogsbær e.l.)
  • 2 dl naturell yoghurt
  • Litt eplejuice (viss smoothien vert for tjukk)

Toppingen:

  • Havregryn
  • 1 banan
  • Bær til å leggja på toppen
Start med å hella bærblandingen og bananen i ein blendar.
Deretter skal yoghurten i saman med bærne og bananen.
Køyr alt saman i blenderen og hell oppi litt eplejuice om den vert veldig tjukk. Konsistensen skal vera som kremost.
Hell smoothien over i ein stor skål. Du kan sjølv velja korleis toppingen skal sjå ut, men eg valde å toppa den med havregryn, bananskiver og druer. Andre bær og kornprodukt kan med fordel brukast.

Så enkelt kan det gjerast, og samstundes så friskt og godt! Denne oppskrifta er nokså stor, så den kan gjerne delast på fleire. Smoothie bowl er ein favoritt blant mange og det skal godt gjerast å ikkje lika det.

Bær er ein del av «fem om dagen» som vil seia at det tilrådast dagleg for god helse. I tillegg vert det ofte brukt havregryn i denne oppskrifta. Havren er full av karbohydrat som gjev mykje energi, vitamin som gjer kroppen sunn og sterk og fettsyrer som er godt for både blodårer og kretsløpet. 100 gram havregryn dekker faktisk 1/3 av det daglege behovet ditt for fiber. Fiber hjelper fordøyinga og bidreg til å førebyggja hjarte- og karsjukdomar. Du kan da sjå at havregryn faktisk er mykje sunnare enn du kanskje trur, og gjer smoothie bowlen endå sunnare! Så ikkje ver redd for å tilsetja for mye havregryn.

Grunnen til at bananen ofte vert brukt til smoothie, er fordi den tilfører rask energi og du får i deg viktige næringsstoff som kroppen din treng. Kroppen tek fort til seg næringa og difor kan bananen vera lur å eta både før og etter fysisk aktivitet. Det er og vorte funne ut at denne frukta kan vera med på å senka blodtrykket på grunn av det høge innhalda sitt av kalium.

Eg håpar du fekk lyst til å prøva ut denne oppskrifta sjølv, for dette er noko eg verkeleg vil rå til. Som sagt, ein perfekt start på dagen! Du kan sjølvsagt byta ut nokon av ingrediensane eller tilsetja nye, men ikkje gløym havregryn. Det er ein viktig del av smoothie bowlen på grunn av at det dekker ein stor del av dei daglege behova ditt for fiber.

Lykke til!

Kilder

https://www.godt.no/oppskrift/7472/smoothie-bowl-med-baer-og-banan

http://www.kostverktoyet.no/kosthold/kostsirkelen/Gr%C3%B8nnsaker,%20frukt%20og%20b%C3%A6r

https://aktivtrening.com/sunn-mat/supermat/supermat-havregryn

https://www.side2.no/helse/hvor-sunn-er-egentlig-bananen-4447012

Legg igjen en kommentar